Skitrehopping

Skitrehopping - hoppet som går oppover.

Tenk Trygg Trehopping

Av Eldar Heide

 

 

Eldar Heide

NM 2004

 

Hopper

Vurderer du å prøve skitrehopping, og lurer på om det er farleg?

–I småtrea du må begynne med risikerer du lite. Men skihopping i store tre er ikkje ufarleg (slik t.d. saltohopping på ski ikkje er det). Hoppar du i eit tre der du må meir enn 1 ½ m opp for å gå klar av stammen, så må du gjera ting på rett måte, på grunn av farten du treng, fallhøgda og tjukna på stammen. Da bør du merke deg punkta nedanfor. Dei er noterte etter hopping i eit tre der vi landa med beina 3 ½ - 4 m over bakken/snødekket, etter eit svev på ikring 3 m. Det var moro lenge, men vi gav oss før vi hadde tenkt….

 

Det som er om å gjera er å komma beint mot treet, oppreist, med éi ski på kvar side, og utan rotasjon (korkje framover, bakover eller sidelengs). Da ”fangar” du treet, blir dempa av greinene og kan ta tak i greiner eller ”omfamne” heile treet, og bli ståande. Risikoen er da berre blåmerke og skrubbsår på skinnleggene, eller å stuke ein finger. Alvorlegare ting risikerer du (anten i møtet med treet eller i fallet ned frå treet) dersom du kjem sidelengs inn mot treet eller med hovudet eller beina føre, eller dersom du kjem skeivt og bommar på treet, men hektar ei ski. Punkta under skal minske faren for slike uheldige møte med treet.

 

· Pass på at ovarennet gjev ro fram mot hoppet: Det må vera oversiktleg, og det må vera  lang, slak overgang til hoppet. Dess lengre og jamnare overgang frå unnabakken i ovarennet til motbakken på spretthoppet, dess mindre fare for ubalanse og rotasjon. Det inneber at ein må forme terrenget litt (Det er ikkje så mange ideelle tre som står nedanfor ideelle ovarenn.), og da er snøskuffe av typen som ein skyv tingen.

 

· Pass på at det er fri bane ut (”rømmingsveg”) på begge sider av hopprota, slik at det går an å trekke seg i siste lita.

 

· Pass på at det er djupe, gode ”trikkeskjenespor” på hoppet, gradvis breiare mot hoppkanten. Det minskar faren for utgliding og ustøheit i satsen og aukar sjansen for å få ”fanga” treet med skiene.

 

· Pass på å sikte sporet godt inn mot treet.

 

· Treet bør vera loddrett sett frå den sida du kjem (slik at du råkar anten du landar høgt eller lågt). Det bør ha berre éin stamme, og det bør ikkje vera av den knortute typen, men den fjørande, spenstige. Det skal ha ha jamt og rikeleg med greiner og ris, slik at du landar mjukt. Treet skal stå fritt, så du kan detta uhindra ned frå det, og det skal vera rikeleg med laus snø under det. Vi anbefaler bjørk; stubbane etter knekte grankvister er skumle. Ta av skiene i treet for å spara på greinene.

 

· Verneutstyr: Krav om susp, sportshjelm og skibriller (slalåmbriller). Hugs på at hjelmen særleg skal ta imot slag frå sida. Derfor bør han vera laga med tanke på det, og bør ikkje stå som ”tårn” oppå ei tjukk lue. Også ryggplate kan det hende du er glad for den eine gongen du treng det. Desse tinga (bortsett frå brillene) har du ikkje særleg ofte bruk for. Derimot kjem du ofte til å setta pris på leggskjener og knebeskyttarar.

 

· Snakk om i fellesskap at det er greitt å psyke ut og at kvar og ein har ansvar for å trekke seg dersom ein ikkje likar seg lenger. Under hopping i store tre er det i orden å psyke ut før du setter utfor, men farleg å psyke ut på hoppet! Ikkje la gruppedynamikken få deg til å prøve mykje meir enn du ville gjort om du var klår i toppen.

 

· Pass på å vera varm i kroppen. Det minskar faren for strekk o.l.

 

· Sjå til å ha fyrstehjelpsutstyr og -kunnskap på staden.

 

Men kva er eigentleg vitsen? Det er jo enda tryggare å avstå? Tenk deg: Du suser på ski ned ein bakke, kliner til på hoppkanten, fer gjennom lufta, og brått står du høgt oppe i eit tre! – og ser deg ikring, og svaiar att og fram med treet, og vinkar kanskje til kompisane. – Eller, når du hoppar i mindre tre, kan du oppleva å bli liggande over trekrona som ein skiflygar, og så bli roleg og pent lagd ned på snøen (av treet som bøyer seg). Eller du blir ståande over skrevs på den bøygde trekrona, som ei heks som er ute og flyg. Og så er det kikket av å måtte kline til (for det må du, om du ikkje vil bli kjend med trestammen), av å tørre, og fellesskapen med ein gjeng som heiar kvarandre fram, som har glede av å bryne seg på noko som er sært og meiningslaust, kroppsopplevinga, gleda over meistringa, over å trasse naturlovene…..

 

 

 

Webmaster

Vidar Eggimann

 

Hjemmeside

 

e-post:

  vvvvidar@start.no